Havyard Fisk 2012
description
Transcript of Havyard Fisk 2012
H AV YA R D F I S K- a v f i s k e r e f o r f i s k e r e
!"#$"%&'()*+,-'./Havyard GroupDiv. Ship Design & EngineeringP.O.Box 215 - 6099 Fosnavaag, NorwayTel +47 70 08 45 50 Fax +47 70 08 45 51www.havyard.com
!"#$%&"'( !)*+)',%-.-
!"#$%&"'(
!
02
04
08
H AV YA R D F I S K- a v f i s k e r e f o r f i s k e r e
ARTUS I FULLT FISKE
HAVYARD SELGER BRØNNBÅTAR
03
Artus i fullt fiske - Mannskapet har fått seg ein ny båt som vi no har lært oss skikkeleg å kjenne og bruke. Vi har kome dit vi skal vere, produksjonen går bra og mannskapet er veldig nøgd med båten. Artus er ein fin sjøbåt og vi likar han godt, fortel skipper Ole Morten Vassdal. tekst: STEINAR EGGESBØ HAGEN foto: TOM BENJAMINSEN
04
ARTUS I FULLT FISKE 05
Snurrevaden og notbåten Artus er i fullt fiske langs norskekysten
i 2012. Nye Artus vart bygd ved Havyard Ship Technology i Leirvik
i fjor, og etter det første året med erfaringar er kaptein og
mannskap godt fornøgde.
- Vi starta med nota i september i fjor og opplevde eit godt fiske
med silda og makrellen. Under loddefisket i februar og mars sist
vinter vart vi ganske fort ferdige med fisket, då vi berre hadde ei
lita loddekvote. No i det siste har vi fiska etter hysa og torsken.
Hyse har der vore litt mindre av denne våren, medan torsken
er det plenty av. I sommar nyttar vi mykje av tida til å fiske ved
Bjørnøya. Torskekvota får vi heilt sikkert fylt opp, fortel ein sindig
skipper om bord Artus under lossing i Tromsø.
Når du les dette har Artus mest truleg fiska ferdig torskekvota og
det same med hysefisket.
10 MANN OM BORD OG LÆRLINGAR SOM SKRYT
Artus har på kvar rundtur 10 mann om bord ute i fiske.
- Livet om bord er svært bra med gode fasilitetar. Vi får av og til
telefonar frå lærlingar som ønskjer seg hit, noko vi tek som eit
godt teikn. Det tyder i alle fall på at andre som har vore om bord
Artus på fiske let vel om fartøy og mannskap, og ryktet om ein
god fiskebåt har spreidd seg. Her om bord får ein som lærling
vere med på litt av alt, fabrikk, not og snurrevad, fortel skipperen
som trivst godt. Sigvald Sævik er den andre skipperen på Artus.
LAVT BRENNOLJEFORBRUK
Den nyaste og femte Artus vart levert frå Havyard Ship Techno-
logy i Leirvik i Sogn sist juni og døypt i Fosnavåg i samband med
Maritim Sommarfestival.
Artus er eit avansert fiskefartøy med solid frysekapasitet på 100
tonn og ein fiskar både etter lodde, makrell, sild og kvitfisk.
Etter nokre utfordringar rundt oppstarten i fjor, der ikkje alt
fungerte optimalt, fekk Havyard retta opp problema relatert til
isolasjon av fryseroma.
- Havyard ønskte å sikre at vi fann dei rette løysingane og at
vi også skulle finne løysingane i lag med Brattholm Invest AS,
selskapet som eig Artus. No fungerer ting svært godt og
Artus har ein funksjonell og topp moderne fabrikk om bord.
Artus går svært lett og har eit lavt brennoljeforbruk grunna ny
framdriftsteknologi og eit effektivt skrog, fortel verftsdirektør
Trygve Solaas ved Havyard Ship Technology AS i Leirvik.
Fiskebåten har i 2012 kvote på knappe 500 tonn torsk, fritt fiske
etter hyse, loddekvote på 500 tonn og sildekvote på om lag
2000 tonn, i tillegg til makrellkvota.
Historia om fiskefartøyet Artus nærmar seg 50 år. Arthur Sævik
bestilte den aller første i 1965, ein båt som vart levert året etter.
I dei påfølgjande tiåra kom ein ny Artus to, tre og fire gonger,
før den femte og så langt siste Artus vart levert i 2011.
VIKTIG OGSÅ FOR HAVYARD GROUP
- Bygginga av Artus har vore eit viktig prosjekt for båteigarane
sjølve og for Havyard Group. Prosjektet viser at Havyard også
satsar på dette segmentet innan skipsbygging, i tillegg til
konstruksjon av offshorefartøy. Å bygge eit fiskefartøy er inga
enkel sak då fartøya ofte er svært spesialiserte med mykje
komplisert utstyr om bord. Integrering av utstyr innanfor
skipet sitt design er ei krevjande oppgåve der avgrensa plass
ofte spelar ei sentral rolle. Samarbeidet med Brattholm Invest
har fungert godt og den femte Artus er eit godt, funksjonelt og
moderne fiskefartøy, seier verftsdirektøren.
Havyard Ship Technology i Leirvik med sine gode fasilitetar
har tidlegare konstruert og levert fleire fiskefartøy og dette
segmentet innan skipsbygging er noko Havyard ønskjer å
fokusere på også i framtida.
06
07
Loa: 49,8 m
Beam: 12,0 m
Depth to shelter deck: 7,2 m
Max draft: 5,7 m
Combined RSW-tanks / freezing holds: 180 m3
Combined RSW-tanks / live fish tanks: 320 m3
Total fish hold capacity: 500 m3
Fuel oil: 200 m3
Main engine: 1770 kW
Auxiliary engines: 540 + 320 kW
Tunnel thrusters: 2 x 370 kW
RSW / freezing machinery: 2 x 430 kW
Processing area w/heading- and gutting machines, 4
plate freezers, 1 freezing tunnel
Vacuum pump system: 4200 litres
Purse seine- / Danish seine winches: 2 x 26.5 tonnes
Net winch: 18.5 tonnes
Deck cranes: 30 tonne metres & 25 tonne metres
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
ARTUS
08
Havyard Group AS, som har base i Fosnavåg på sunnmøre,
skal dermed levere eit design til eit selskap i same kom-
mune. Fosnavaag Shipping har frå før brønnbåtane
“Viktoria Viking” (1000 m3), “Viktoria Lady” (1000 m3) og
“Gripfisk” (600 m3) i tillegg til reketrålaren Remøy og kyst-
vaktskipet KV Aalesund. Selskapet, som starta opp i 2006,
har 70 ansatte derav fire i administrasjonen.
NYTT TANKSYSTEM
Dagleg leiar i Fosnavaag Shipping,Olav Remøy, er svært
nøgd med at dei no har landa på eit valg av design og har
stor tru på at tida no er inne for å satse på eit nybygg.
–Brønnbåt-bransjene har vore ei spanande bransje å gå
inn i, og vi har stor tru på at det også er ei bransje med
gode framtidsutsikter. Det siste halvanna året har vi vur-
dert mogelegheitene til å byggje ein ny brønnbåt,og vi
har brukt mykje tid på å utvikle det rette designet og
velge dei beste løysingane sidan vi meiner at det har vore
ein del forbetringspotensiale på dette området. Sjølv om
det er ein båt med stor kapasitet vi no skal byggje så har
vi vore meir opptekne av kvalitet enn av mest mogeleg
fisk og kapasitet.
-Vi har dessutan videreutvikla systemet vi har om bord i
«Viktoria Lady» som er det einaste bygget med sirkulære
tanker, eit system som mellom anna gjer at kvaliteten på
vatnet vert svært god, seier Olav Remøy som også synes
det er svært hyggeleg at utviklinga av det nye designet
har vore mogeleg å gjere i tett samarbeid med eit selskap
frå same kommune.
Remøy opplyser at dei er i sluttforhandlingar med eit
verft om bygging av brønnbåtane.
Havyard selger brønnbåtar Havyard Group skal levere eit Havyard 587-design til Fosnavaag Shipping med opsjon på levering av eit til. Designet vert karakterisert som framtidas brønnbåt.tekst: PER JAN BREKKE foto: STEIN ARNE LILLEØY OG PER-JAN BREKKE illustrasjon: GUNNAR FLUSUND
09
Length: 84.6 m
Breadth: 16.9 m
Capacity: Three cylinder tanks totalling 3250 cubic.
Main engine: 3000 kW
Crew: 12 persons
•
•
•
•
•
HAVYARD 587
10
SET EIN NY STANDARD
Designar ved Havyard Design & Engineering (HDE) i Fosnavåg,
Kjetil Myren, opplyser at Havyard 587 foreløpig er det største
i ein serie brønnbåt-design som er utvikla i tett samarbeid med
Fosnavaag Shipping.
Fartyet har tre store sylindertankar for levande fisk med ein
kapasitet på heile 3250 kubikk. Skipet er nesten 85 meter langt
og har plass til eit mannskap på 12 personar.
-Havyard 587 vil innehalde det ypperste innan brønnbåtteknologi
som vil setje ein ny standard for skånsom og miljøvenleg transport
og behandling av levande fisk. Dei sylindriske lastetankane,
og det effektive filter- og vannbehandlingssutstyret, gjer det
mogeleg med lukka transport over lengre avstandar og med
større fisketettleik, opplyser designaren som også understrekar
at skroglinjene og framdriftsmaskeneriet er utforma for høg
toppfart og driftsøkonomisk normalfart.
IMPONERTE MINISTEREN
At Havyards er inne på noko spanande når det gjeld brønnbåt-
satsinga kom også tydeleg fram då fiskeri- og kystminister
Lisbeth Berg-Hansen var på vitjing til Havyard Group tidegare i
vår. Då presenterte Myren og HDE-sjef Stig Magne Espeseth dei
nye designa, og ministeren, som sjølv driv stort innan oppdrett,
var imponert og viste stor interesse for dei nye løysingane og
fartøya.
Stig Magne Espeseth er svært tilfreds med at dei no har kome i
land med ei brønnbåt-kontrakt. -Dette er det første brønnbåt-
designet vi leverer, og dette har vi arbeidd både lenge og grundig
med å få til. Designet er basert på dei erfaringane reiearlaget
har med sine tre andre brønnbåtar, og vi meiner dette her er
framtidas brønnbåt med eit heilt nytt sirkuleringssystem som
reiarlaget sjølve har vore med på å utvikle, seier HDE-sjefen som
opplyser at det er lagt opp til ei levering av skipet i løpet av januar
2014 med opsjon på levering av eit farty til seks månadar seinare.
IMPONERT: Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen vart
imponert over Havyards brønnbåt-design då ho var på besøk
i Fosnavåg tidligare i år. Her i munter samtale med Stig Magne
Espeseth (t.v.) og Kjetil Myren i Havyard Design & Engineering.
11
Lengde: 84,6 m
Bredde: 16,9 m
Kapasitet: Tre sylindertanker på totalt 3250 kubikk
Hovedmaskin: 3000 kW
Mannskap: 12 personer
•
•
•
•
•
HAVYARD 857
FOSNAVAAG SHIPPING: Det er syskenparet Olav og Kristin Remøy som står i spissen for
Fosnavaag Shipping som no skal bygge brønnbåtar designa av Havyard Group.
HAVYARD GROUP AS Postboks 2156099 Fosnavåg, Norge
Telefon: +47 70 08 45 50www.havyard.com